Lifjorden markedshage ligg rett under Lihesten i Hyllestad kommune. Her dyrkar eg grønsaker og bær, utan kjemiske sprøytemidler og kunstgjødsel. 
Eg prøver so langt som råd å dyrke ​​​​på naturens premisser. 
Eg har og kjøpt inn kyllingar av rasen islandshøner. Desse er hardføre, legg rikeleg med store egg og er flinke til å ruge og passe både seg og kyllingar for rovdyr. Til hausten/vinteren, vil eg dermed ha litt egg for salg. 
Hønene får fleire funksjonar. I tillegg til egg, vil eg flytte dei rundt omkring på areal eg vil ha klargjort for dyrking. Der vil dei ete både planter og frø, sparke opp jorda og gjødsle. I tillegg har dei det supert medan dei arbeider 👍. 
Eg har for tida mykje å gjere, men vil prøve å oppdatere hyppig 
Etterkvart vil eg prøve å skrive, filme og ta bilder av kvardagen her på garden. Ikkje alltid eg har tid til å pusle så mykje med mobilen/pcen, men eg skal gjere mitt beste 👍😊